Sy og seil
Saman med kunden løyser vi dei fleste utfordringar.
Vår sy- og seilavdeling har saumoperatørar med fagbrev og høg fagleg kompetanse. Vi skreddersyr mange ulike produksjonar, alt etter kundens behov. Vi er ein stor leverandør av produkt til maritim og marin næring. I tillegg har vi ei rekke private kundar.
Oppdraga er mange og komplekse:
- Vi har eigne maskiner for sveising av presenningar i PVC.
- Vi skreddarsyr gardiner og dukar, og løyser gjerne utfordringar som ligg utanfor den normale standarden.
- Vi syr verandatrekk, tak og veggar etter mål. Noko som gir meirbruksverdi for uteplassar og balkongar.
- Vi skiftar glidelås, rettar, syr inn eller ut, legg opp eller ned. Vår syavdeling ordnar det meste.
- Vi utfører dei fleste typar spesialsaum og reparasjon av båtkalesjer og båtputer.
- Vi leverer ei rekke spesialtilpassa produksjonar til skips- og verftsindustrien.
- Vi kan også trekke om møbler.
Sy og seil
958 54 245
sy@sula.as